Stipendordninger

Høgskolen i Hedmark si stipendordning omfattar FoU-stipend og Reise- og driftstipend. Begge stipenda blir i hovudsak tildelt fast tilsette i minst halv stilling, men særlege reglar gjeld for tilsette i rekrutteringsstillingar. For deltaking på fagkonferanse med presentasjon av eigne forskingsresultat, kan ein søkje Reise- og driftsstipend frå stipendordninga. For frikjøp av tid til forskingsprosjekt eller liknande, søkjer ein FoU-stipend.

Viktig endring:

På grunn av permisjon og nedbemanning i forskingsadministrasjonen vil me forenkla arbeidet med stipendtildelinga. Me vil laga nytt elektronisk skjema, betra samordninga mellom skjema og retningsliner og klargjera rollane til avdeling og HA.

  1. Me planlegg å bruka like mykje på stipendordninga i 2010 som i 2009.
  2. Skjemaet vil vera ferdig til 1. desember.
  3. Ny søknadsfrist 15. desember .
  4. Om de vil byrja arbeida med søknaden tidlegare, bruk gjerne det gamle skjemaet som ein mal. De vil kunna klippa og lima det meste inn i det nye skjemaet. Sjølve prosjektskildringa skal ikkje vera lenger enn 5 sider.


Søknaden behandlast først i eiga avdeling for første handsaming. Endeleg tildeling av middel blir gjort i høgskulen sitt FoU-utval innan 15. februar.

Se Retningslinjer for stipendordningen revidert i november 2009


Se mer informasjon om fremgangsmåte for å søke om stipend i 2009