Om biblioteket

Høgskolebiblioteket ved Høgskolen i Hedmark omfattar avdelingsbiblioteka ved dei fem studiestadene.

 

Opningstider, adresser og tilsette på dei enkelte avdelinger:

 

Mål for Høgskolebiblioteket

Hovudmål:

Høgskolebiblioteket skal vere eit informasjons- og kunnskapssenter innan høgskolens fagområde og ein aktiv og integrert fagleg ressurs for heile høgskolens verksemd.

 

Delmål:

  • Brukaren i sentrum
    Biblioteket skal vere brukarorientert og stimulere til medverknad frå brukaren.
  • Biblioteket som møtestad og arbeidsplass
    Biblioteket skal vere med på å auke studiekvaliteten og informasjonskompetansen hos studentar, forskarar og undervisingspersonale ved å tilby:
    • velutstyrde data- og studiearbeidsplassar nær informasjonskjeldene:
    • rettleiing, rådgjeving og referansetenester formidla av eit høgt kvalifisert personale
    • undervising i informasjonssøking og informasjonshandtering
  • Biblioteket ut til brukaren
    Gjere informasjonsressursar og tenester tilgjengelege for brukaren der brukaren er:
    • kvalitetssikra informasjonsressursar (tidsskrift og oppslagsverk i fulltekst, bibliografiske databasar, etc.)
    • bibliotekets katalog, litteraturbestilling
    • kommunikasjon med biblioteket
    • søkeopplæring
    • tenester tilrettelagt for fjernstudenten
  • FoU-verksemd
    Biblioteket skal stø opp under Høgskolens FoU-verksemd ved å:
    • utføre referansetenester
    • publisere Høgskolens FoU-rapportar trykt og elektronisk
    • registrere, dokumentere og formidle FoU-produksjonen
  • Biblioteket i regionen
    Biblioteket skal vere eit informasjons- og kunnskapssenter innan høgskolens fagområde for regionens næringsliv og lokalsamfunn.