Om biblioteket
Opningstider, adresser og tilsette | Mål for Høgskolebiblioteket | Arbeidsgrupper
Høgskolebiblioteket ved Høgskolen i Hedmark omfattar avdelingsbiblioteka ved dei fem studiestadene.
Opningstider, adresser og tilsette på dei enkelte avdelinger:
- Avdeling for helse- og idrettsfag, Elverum
- Avdeling for lærerutdanning og naturvitenskap, Hamar
- Avdeling for skog- og utmarksfag, Evenstad
- Avdeling for økonomi, samfunnsfag og informatikk, Rena
Mål for Høgskolebiblioteket
Hovudmål:
Høgskolebiblioteket skal vere eit informasjons- og kunnskapssenter innan høgskolens fagområde og ein aktiv og integrert fagleg ressurs for heile høgskolens verksemd.
Delmål:
-
Brukaren i sentrum
Biblioteket skal vere brukarorientert og stimulere til medverknad frå brukaren. -
Biblioteket som møtestad og arbeidsplass
Biblioteket skal vere med på å auke studiekvaliteten og informasjonskompetansen hos studentar, forskarar og undervisingspersonale ved å tilby:- velutstyrde data- og studiearbeidsplassar nær informasjonskjeldene:
- rettleiing, rådgjeving og referansetenester formidla av eit høgt kvalifisert personale
- undervising i informasjonssøking og informasjonshandtering
-
Biblioteket ut til brukaren
Gjere informasjonsressursar og tenester tilgjengelege for brukaren der brukaren er:- kvalitetssikra informasjonsressursar (tidsskrift og oppslagsverk i fulltekst, bibliografiske databasar, etc.)
- bibliotekets katalog, litteraturbestilling
- kommunikasjon med biblioteket
- søkeopplæring
- tenester tilrettelagt for fjernstudenten
-
FoU-verksemd
Biblioteket skal stø opp under Høgskolens FoU-verksemd ved å:- utføre referansetenester
- publisere Høgskolens FoU-rapportar trykt og elektronisk
- registrere, dokumentere og formidle FoU-produksjonen
-
Biblioteket i regionen
Biblioteket skal vere eit informasjons- og kunnskapssenter innan høgskolens fagområde for regionens næringsliv og lokalsamfunn.
Arbeidsgrupper
IKT-arbeidet
IKT-arbeidet vert samordna og leidd av IKT-bibliotekar. Bibliotekaren leier utviklinga av høgskolebibliotekets IKT-område, til dette høyrer arbeidet med websidene. Samlingsutvikling av digitale kjelder skjer i samråd med hovudbibliotekar, men oppfølging av alle kontraktar ligg til stillinga. IKT-bibliotekar deltek i bibliotekleiarmøta og rapporterer til hovudbibliotekar.
Arbeids- og utviklingsgruppe for elektroniske medier
Arbeids- og utviklingsgruppe for elektroniske medier (e-gruppa) skal i samarbeid med IKT-bibliotekar gje hovudbibliotekar og bibliotekleiarmøtet råd i saker som gjeld abonnement på elektroniske medier ved Høgskolen i Hedmark. E-gruppa skal vere Høgskolebibliotekets spisskompetansegruppe innan elektroniske medier. Gruppa har eit særskild ansvar for å følgje opp og vurdere eksisterande avtalar, halde oversikt over nye tilbod, initiere testing og vurderingar av nye tilbod, samt vere oppdatert med tanke på fellesavtalane til ABM-utvikling. E-gruppa skal tilpasse sitt arbeid til budsjettprosessar i Høgskolen.
Arbeidsgruppe for webutvikling
Arbeidsgruppa skal formulere målsetting for Høgskolebibliotekets webtenester, og kome med forslag til hovudbibliotekar og bibliotekleiarmøtet om endringar av websidene og aktuell arbeidsfordeling. IKT-bibliotekar leiar arbeidet i webgruppa.
Gruppa skal:
- sikre at websidene til ei kvar tid er oppdaterte.
- sikre at informasjonskjeldene er tilgjengelege for våre brukarar både på campus og for pålogging heimefrå.
- ta del i høgskolens webutvikling og følgje Høgskolens design, malar og standardar.
- vurdere websidene kontinuerleg, og utabeide ein årleg rapport.
- vidareutvikle kompetansen innan webutvikling.
Arbeidsgruppe for informasjonskompetanse
Arbeidsgruppa skal utarbeide forslag til undervisingsopplegg innan kjelder og kjeldebruk, samt bidra til implementering av dette på alle avdelingar i høgskolen. Gruppa rettar seg etter retningsliner frå Utdanningsutvalet for undervising i Informasjonskompetanse. Gruppa skal óg bidra til vedlikehald av websida ”Studiehjelp”, på engelsk og norsk. Gruppa rapporterer til hovudbibliotekar.
BIBSYS-forum
Gruppas medlemmer har ansvar for å vere oppdatert på endringar innan sine respektive BIBSYS-modular og sjå på konsekvensar for høgskolen. Gruppa skal sørgje for informasjon og intern opplæring.






