Hedmark består av 95 prosent skog- og utmarksareal. Evenstad ligg difor i eit område der bruk og utvikling av skog- og utmark er ein av grunnpilarane til framtidig næring og busetting. I dag har rekreasjonsbasert næring i skog og utmark (særlig hyttenæringa) vokse til same størrelsesorden som produksjonen frå skogen. Naturopplevingane og hyttebygging kan sjåast i samanheng med jakt- og fiskemoglegheit som både regionalt og nasjonalt har vore brukt til matauk, og i liten grad er kommersialisert.

Klimaendringar fører til at kunnskapen  om berekraftig bruk av biologiske ressursar er etterspurd og i stadig endring. Denne nye kunnskapen ivaretakas i studiet som gir studentane allmennteoretiske og yrkesretta kunnskap i tilknyting til forvaltning og næringsverksemd i utmark.

Læringsutbytte

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha fylgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap
• Kandidaten har bred kunnskap om utmarka, de biologiske ressursane, og forvaltning av disse i Noreg, med spesiell vekt på anvendt økologi, skog, fisk og vilt.
• Kandidaten kjenner til forsking og utviklingsarbeid innan økologi, fisk og vilt.
• Kandidaten kan oppdatere sin kunnskap innan anvendt økologi og utmarksforvaltning
• Kandidaten har kunnskap om utmarksforvaltinga si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter
• Kandidaten kan anvende kunnskap og relevante resultat frå forsking og undervisningsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffa velgrunna val
• Kandidaten kan reflektere over eigen utmarksfaglig utøving og justere denne under veileiding
• Kandidaten kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling
• Kandidaten kan beherske relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan økologi og forvaltning av areal og biologiske ressursar

Generell kompetanse
• Kandidaten har innsikt i relevante problemstillingar i utmarksforvaltinga
• Kandidaten kan sjølvstendig planlegge og gjennomføre varierte forvaltningstiltak og arbeidsoppgåver, og prosjekter som strekker seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
• Kandidaten kan formidle sentralt økologiske teoriar, forvaltningsmessige problemstillingar og løysingar både skriftlig, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformar
• Kandidaten kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan utmarksforvaltning eller økologi og gjennom detta bidra til utvikling av god praksis
• Kandidaten kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan økologi og utmarksforvaltning, og kan vurdere deira nytte frå ein sjølvstendig ståstad

Målgruppe

Studiet er retta mot heiltidsstudenten som ynskjer ein fullstendig grunnutdanning innan utmarksforvalting, og som ynskjer å jobbe innan privat eller offentlig fiske- og viltforvaltning naturforvalting eller arealforvalting.
Studiet er eit nasjonal tilbod til ungdom med godkjent vidaregåande skole.
Studiet kan også passe for dei som ynskjer ein forståing av utmarka fordi dei eiger eller skal overta ein utmarkseigedom.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realfagskompetanse på tilsvarande nivå.
Opptakskrav og eventuelle tilleggskrav reguleras av nasjonalt opptaksforskrift - www.lovdata.no.

Studiets varighet, omfang og nivå

Studiet er ein treårig grunnutdanning og vil være eit fulltidsstudium med 180 studiepoengs omfang. Studiet gir ein bachelorgrad. 

Kompetanse

Utmarksutdanninga gir jobbar innan offentlig eller privat forvaltning av utmark, oppsynsverksemda, som medarbeidar i forskingsprosjekt eller som sjølvstendig næringsdrivande.
Studiet kvalifiserer også for masterutdanning i anvendt økologi eller for ein masterutdanningar ved andre universitet. Utdanninga kan også gi kompetanse som sjølvstendig næringsdrivande. 

Studiets innhold, oppbygging og organisering

tudiet går på campus på studiestad Evenstad. Studieåret er delt inn i fire blokker på 15 studiepoeng kvar. Det nettbaserte studiestøttesystemet Fronter nyttast i undervisninga.

I andre blokk det andre året kan studentane velje om de vil ha emnet Vitenskapeleg metode og statistikk eller emnet Næringsutvikling og økonomi. Dette gir grunnlag for to ulike typar bacheloroppgåver i tredje året. For å skrive ein forskingsbasert Bacheloroppgåve skal studenten velje Vitenskapeleg metode og statistikk, for å skrive ein Bacheloroppgåve som er eit utviklingsprosjekt, ein forretningsplan eller liknande skal studenten velje Næringsutvikling og økonomi. For å komme inn på master i anvendt økologi må ein ha Vitenskapeleg metode og statistikk.

ÅR Blokk 1 Blokk 2 Blokk 3 Blokk 4
1 Vegetasjon og klima (7,5)
Praktisk skog (7,5)
Økologi og mangfold (15) Geologi og landformer (7,5)
Rapportskriving (7,5)
Fugl og virvelløse dyr (7,5)
Naturveiledning (7,5)
2 Fiskeriøkologi (15) Vitenskapelig metode og statistikk (15)
ELER Næringsutvikling og økonomi (15)
Viltøkologi (15) Valgfag (15)
3 Valgfag (15) Bacheloroppgave (15) Valgfag (7,5)
GIS (7,5)
Viltforvaltning (15) ELLER
Forvaltning av fisk og vassdrag (15)

 Studentane må ha enten Viltforvaltning eller Forvaltning av fisk og vassdrag, men kan i løpet av studiet velje å ta begge emne viss dei ynskjer (eit i 2. år og eit i 3. år).

Som valgfag kan studentane velje fritt frå avdelinga sitt utval av emne, gitt at studenten har oppfylt føresetnaden for å ta emne.

Som valgemne kan man for eksempel ta:
• Areal- og kulturminneforvaltning (15)
• Settefisk (7,5)
• Biomedisin (7,5)
• Naturoppsyn (7,5)
• Rovviltøkologi (7,5)
• Ecology and management of tundra ecosystems (7,5)
• Nordic wildlife management (7,5)
• Innføring i regnskap (7,5)

Se fullstendig liste over alle våre emne.

Informasjonskompetanse

Informasjonskompetanse er evne til å lokalisere, evaluere og bruke informasjon for eigne behov. Dette er ein fagleg nøkkelkompetanse og basis for livslang læring. Plagiering er å framstille andres arbeid som sitt eige og det ses på som fusk når korrekt kjeldevisning ikkje brukast.

Høgskolebiblioteket tilbyr kurset ”Kilder og kildebruk” til alle nye studentar. Kurset gir følgjande læringsutbytte:
• man kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff
• man kan analysere og forholda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende disse

Ei deloppgåve i informasjonskompetanse vil være ein del av eit obligatorisk arbeidskrav.

Andre ressursar frå Høgskolebiblioteket:
• Fronterrom ”Biblioteket” (tilgjengelig for alle studentar og tilsette), med PowerPoint til ”Kilder og kildebruk”, videoforelesingar og ein elektronisk prøve i informasjonskompetanse
• Bibliotekets studiehjelpside - https://www.hihm.no/hihm/Hovedsiden/Bibliotek/Studiehjelp

Internasjonalisering

Vi anbefaler studenten å ta utanlandsopphald i løpet av andre studieår eller hausten det tredje året. Avdelinga har eit omfattande samarbeidsnettverk med høgskolar og universitet i Europa og andre verdsdelar. Eventuelle utanlandsopphald må på førehand godkjennast av avdelinga. Vi får hele tida nye samarbeidspartnarar. Ta difor kontakt med internasjonal koordinator for å få oppdatert muligheiter for utanlandsopphald.
Noen av emna vil ha engelskspråklig litteratur, og også gjesteforelesingar som kan gå på engelsk. Du kan også velje emne med internasjonal studiereise.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil gjennomførast som førelesingar, øvingar i felt og i datalab. 
 

Vurderingsformer

Kandidaten vurderas gjennom munnleg og skriftleg eksamen, samt rapportinnleveringar. Vurdering med graderte bokstavkarakterar med skala frå A – E for bestått, og F for ikkje bestått. Nokre emne vurderas som bestått / ikkje bestått. Se elles under kvar særskilte emnebeskriving. 

Bachelor i utmarksforvaltning

Emner

Studiepoeng År 1 År 2 År 3

I blokk 2, andre året, kan studentene velge mellom Vitenskapelig metode og statistikk eller Næringsutvikling i utmark og økonomi.
I blokk 4, tredje året, kan studentene velge mellom Viltforvaltning eller Forvaltning av fisk og vassdrag


Søkekode
209 323
Opptakskrav
GENS eller Realkompetanse
Pris
Gratis, men semesteravgift påløper
Avdeling
Last ned som PDF