|
Rektor Lise Iversen Kulbrandstad er ikkje heilt nøgd med regjeringa sitt reviderte nasjonalbudsjett. Ho meiner auken til basisfinansieringa er for liten og at innlandshøgskulane burde ha fått fleire nye studieplassar.
Fredag la regjeringa fram revidert budsjett for 2009. Universitets- og høgskolerådet (UHR) sende ut ei pressemelding med tittelen: "Glad for fleire studieplassar, men for lite til basis".
-Det dekkjer også godt vår reaksjon, sier rektor Lise Iversen Kulbrandstad. HH fekk 60 nye studieplassar. Dette talet har vi fått frå KD, men departementet kunne fredag ettermiddag ikkje svare på kva for studium plassane går til. Det får høgskolen først melding om om nokre dagar. Det vil seie at vi ikkje kan stadfeste det stortingsrepresentant Karin Andersen har sagt til media om at 40 går til sjukepleie og 20 til lærarutdanning (jf. mellom anna HA og Østlendingen laurdag).
Ville ha meir til Innlandet
-60 studieplassar skal vi vere glade for, og vi har tidlegare i år óg fått nye plassar mellom anna til lærarutdanning i Oppland, påpeikar rektoren. Men eg registrerer samtidig at Innlandet berre fekk 170 plassar til saman (60 til Gjøvik og 50 til Lillehammer). Høgskolen i Oslo fekk mest av alle med 350, og alle høgare utdanningsinstitusjonar i Oslo fekk til saman 755.
-800 studieplassar til desentralisert utdanning er ikkje fordelte enno, og der har vi som ein av dei største høgskolane innanfor dette området, ambisjonar om å få auka vårt tal ytterlegare, seier Iversen Kulbrandstad.
For lite til basis
UH-sektoren fekk også ekstra middel til å styrkje basisfinansieringa vår. UHR hadde meldt inn behov på 405 millionar for å rette opp den manglande finansieringa i sektoren for 2009. I revidert er det berre sett av ein femtedel av dette: 80 millionar.
-HHs del av dette er i underkant av 1,4 millionar. Dette er ikkje pengar høgskolen har rekna med, så dei kjem som eit pluss. På den måten er det bra, seier rektoren. Men det burde altså ha vore 7 millionar, og enda meir om det hadde vore gjort forsøk på å utjamne skilnadene i basis mellom høgskolane. Også etter dette budsjettet er vi framleis ein av dei dårlegast finansierte høgskolane på basis.






