|
Juni i år inneheld både mange fridagar og fleire av dei mest sentrale møta dette året. Fridagane har eg brukt til å grave i jord i Värmland og til mentalt å førebu meg på møta. Med denne bloggen ønskjer eg alle ein riktig god sommar og velkomne attende til eit nytt spanande studieår i august.
To møte i Kunnskapsdepartementet
Onsdag 8. juni braka det laus i departementet. Vi tre innlandshøgskolane var inviterte til dialog med Kunnskapsdepartementet om Prosjekt Innlandsuniversitetet. Frå oss møtte høgskoledirektør Pål, eksternt styremedlem Anne Kathrine Fossum og eg sjølv. KD innleia med å konstatere at prosessen no har skote ny fart og at framdriftsplanen ser ambisiøs ut. Dei minte oss på kor viktig det er å skape robuste miljø og på også å løfte blikket og diskutere profilen på ein ny institusjon. Kva skal universitetet gjerne for Innlandet, for Noreg og internasjonalt? Vi gjekk inspirerte derifrå. For nokre år sidan syntest vi det var vanskeleg å kome i dialog med departementet om prosjektet vårt, no er det heilt annleis. Vi veit at vi kan be om hjelp om vi treng det.
Onsdag 9. juni møtte vi i departementet igjen, no til etatstyringsmøte. Nytt av året var at styreleiar, det vil seie eg, skulle innleie om hovudprioriteringar og utfordringar slik høgskolestyret ser det. Vi hadde fått diskutert dette på eit styremøte, men eg måtte finne ein form og ein inngang som ville kommunisere. Hovudutfordringane styret var samde om, var å lukkast med Prosjekt Innlandsuniversitetet, å styrke kvalitet i det vi gjer og å halde fram arbeid med økonomistyring ( vi har vore flinke! Korleis komme vidare!). Vi fekk ein god diskusjon med utgangspunkt i innleiinga og mange gode tilbakemeldingar på resultata våre og på rapporten. Dessutan fekk vi konstruktive innspel til korleis vi kan utvikle oss vidare. Ei god oppleving. Vi reiste glade, inspirerte og stolte frå Oslo denne dagen.
Høgskolestyremøte 10. juni
Denne hektiske møteveka blei avslutta med det siste høgskolestyremøte i denne styreperioden. Det var vemodig, for sjølv om mange blir med i det nye styret, går nokon ut. Alle blei takka, Anne Kathrine Fossum litt ekstra. Både fordi ho har vore med i to periodar, men óg fordi ho har vore så sentral i dei vanskelege forhandlingane vi har hatt i desse to periodane, om Prosjekt Innlandsuniversitetet. På det siste møtet fekk styret del i ein svært så viktig milepæl for HH: Det tikka inn melding frå styremøtet til NOKUT om at Høgskolen i Hedmark hadde fått akkreditert sin første PhD: PhD i anvendt økologi. HURRA. HURRA. HURRA!!! Dekan Harry fekk både applaus, godord, roser og mjølkespann. (Og veka etter blei han kåra til riddar då PhD-en blei feira på Evenstad). Nettsidene våre fortel godt om desse hendingane, og ein kan til og med sjå video frå feiringa.
På styremøtet blei styret også samde om det vi meiner er ei framtidsretta løysinga for satsinga vår på bioteknologi. NIFU har som kjend utgreia saka og har intervjua både våre fagfolk og regionale aktørar. Begge gruppene har og lagt fram sitt syn for styret. Ei satsing på å forsking og på masterstudiet som del av den strategiske forskinga er det sentrale på vegen inn i universitetet, slår styret fast. Også denne saken er vel omtalt på nettsidene til høgskolen.
Møte i Prosjekt innlandsuniversitetet
24. juni hadde vi møte mellom høgskoleleiingane og leiinga i PIU-prosjektet. Vi starta diskusjonen om inndeling i fakultet. Vi hadde ein konstruktiv innleiande dialog, men sjølvsagt står det igjen viktig arbeid når vi møtest neste gong i august.
God sommar!






