|
Denne veka skjedde det meste i Oslo: Kontaktkonferansen til Kunnskapsdepartementet (der HH blei framheva i to av innlegga) og disputasen til Anne Skaret, som gjekk strålande!
Den årlege kontaktkonferansen
Kunnskapsdepartementet inviterer kvart år rektorar, direktørar, Forskingsrådet, KUF-komiteen på Stortinget, fagforeiningar, NOKUT og andre til ein konferanse med ein avsluttande festmiddag. I år var temaet modernisering av universitet og høgskolar, og bodskapen var at institusjonane ikkje berre må samhandle nært med samfunnet og vere i takt med si tid, men helst føre. Høgskolen i Hedmark blei nemnd i statsråd Tora Aaslands opningstale under avsnittet om modernisering av utdanning. Les no bare:
"Utdanningskvalitet innebærer også å være oppdatert på undervisningsmetoder og teknologi. Undervisningen må alltid tilpasses nye ungdomskull med nye forutsetninger for læring. Dagens ungdom har teknologiske fortrinn ingen tidligere har hatt. Dette krever mye av oss som har gått en annen skole. Vi ser likevel at nye muligheter tas i bruk stadig mer. Regjeringen satser i år på videreutvikling av eCampus, en satsing som kan bli viktig for å utvikle lokalt arbeids- og samfunnsliv. I september besøkte jeg den desentraliserte/nettbaserte utdanningen som Høgskolen i Hedmark tilbyr på Tynset. Et lokalt regnskapsfirma mente at uten denne utdanningen i Tynset, ville bedriften ikke fått den kompetansen den trengte. Dagens studenter, dvs. moderne mennesker, krever en kreativ, engasjerende og faglig oppdatert undervisning. Kvalitet er alltid moderne!" http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/aktuelt/nyheter/2012/universiteter-og-hoyskoler-ma-moderniser.html?id=669902
Alle skjøner at vi blir stolte av slikt, og ikkje mindre da andre nestleiar i KUF-komiteen, Tord Lien frå FRP, litt seinare på dagen også trekte fram erfaringar med den nettbaserte utdanninga høgskolen gir. Og I begge desse tilfella er det avdelinga vår på Rena med sine økonomisk-administrative utdanningar som skal ha rosen! Gratulerer!
Disputasen til Anne Skaret
Disputasdagen, fredag, var spesiell også for meg, for Anne er den første eg har vore hovudrettleiar for som disputerer. Og det gjorde ho med stil. Avhandlinga hennar heiter: Litterære kulturmøter. En studie av bildebøker og barns resepsjon . Avhandlinga utviklar ny kunnskap innanfor to vitskaplege tradisjonar, barnebokforsking og resepsjonsforsking (dvs. lesing av skjønlitteratur, i tillegg til å omfatte eit høgaktuelt tema frå det fleirkulturelle Noreg som er særs relevant for førskole- og grunnskolelærarutdanningane, nemleg korleis kulturmøte blir framstilt i bildebøker og korleis fem- og åtteåringar forstår desse kulturmøta. I disputasen blei Anne sjølvsagt utfordra og måtte svare for seg. Slik skal disputasar vere.
Men ho fekk også uvanleg mange godord: ”velskrevet, meget stor grundighet, original, viktig”. Dessutan fekk vi høyre at ei særleg styrke var at ho kombinerer teoriar som ikkje tidlegare er brakt i samspel i skandinavisk forsking, at ”analysemodellen er anvendelig for andre forskere” og at vi har kome eit langt steg vidare i nordisk barnelitteraturforsking med avhandlinga.
Vi var mange frå Hedmark som var til stades og kunne glede oss med doktorand Anne. Prøveforelesinga om Onkel Toms hytte gjekk også bra. Vi som trudde vi hadde lese denne boka i våre unge år, skjønte no at vi i alle fall ikkje hadde lese originalen, som er på nesten 600 sider, mens våre versjonar både har vore forkorta og delvis omskrivne. Eg blei inspirert, kjøpte nyomsetjinga (600 sider) og gler meg til å lese ein annan versjon enn han som fascinerte meg i barndommen.
Frå avtaleboka veke 4 (23.-27.1.2012)
Måndag Vertskommunemøte med Hamar
Tysdag Møte i den strategiske leiargruppa
Onsdag Vertskommunemøte med Stor-Elvdal og Åmot
Fredag Møte i universitetsprosjektstyret






