Eg vil rapportere tre ting frå denne første veka i 2012: Skryt for administrativt arbeid med rammeplan for ny førskolelærarutdanning, møte med politisk leiing i Kunnskapsdepartementet og Onkel Toms hytte eller Anne Skaret si prøveforelesing.
Skryt for administrativt arbeid med rammeplan for ny førskolelærarutdanning
Høgskolen i Hedmark har hatt eit særleg ansvar i arbeidet med ny reform i det som truleg vil heite barnehagelærarutdanning frå 2013. Vi har hatt sekretariatet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Sigrun Sand har leia det, og Gunhild Tomter Alstad og Ragnhild Narum har vore medarbeidarar.
Sidan eg sjølv har vore medlem av rammeplanutvalet, hadde eg den store gleda av å høyre ros til sekretariatet vårt for jobben dei har gjort frå departementet og frå dei andre medlemma i rammeplanutvalet på avskjedsmiddagen torsdag kveld. Da var eg både stolt og glad. Stor takk til Sigrun, Gunhild og Ragnhild! Bra jobba!
I sjølve planarbeidet arbeidde vi med dei nye nasjonale retningslinene torsdag og fredag. Departementet sender sjølve forskrifta på høyring nokså snart og på møtet gjorde dei greie for endringar i høve til forslaget vi sendte inn i november. Dette igjen vil føre til endringar i retningslinene dei ulike faggruppene har sendt inn til oss, osv.
Konklusjon: Ikkje lett, men eg synest framlesi det er både utfordrande og moro å arbeid med læringsutbytte. I dag printa eg elles ut ein helt ny rapport om læringsutbytte frå NIFU. Gler meg til å lese han. Kanskje andre er interesserte? http://www.nifu.no/Norway/Publications/2011/NIFU%20Webrapport%2042-2011.pdf
Møte med politisk leiing i Kunnskapsdepartementet
Som nestleiar i UHR (Universitets- og høgskolerådet) var eg med og møtte Statsråd Tora Aasland og statssekretær Kyrre Lekve på fredag. Poenget var dialog om aktuelle saker. Vi snakka mellom anna budsjett, komande stortingsmeldingar om yrka i velferdsstaten, røynsle med oppnemning av eksterne styremedlem og at UHR har sendt KD spørsmål om å greie ut engelsk namn på høgskolane.
University College er utfordrande, som mange av oss har erfart, men det er ikkje lett å finne gode alternativ. Eit forslag har vore University of Applied Sciences. Vi får sjå om det kjem ei endring. Vi fekk ingen lovnad om det, berre vite at saka no vart handsama i departementet. Inspirerande å få vere med på slike dialogar.
Etterpå var det markering av departementsråd Trond Fevoldens 60- årsdag. Morosamt å vere med på, og godt å sjå kor fine lokale departementet har fått etter at dei måtte flytte frå Y-blokka etter attentatet. No er dei i dei gamle lokale til DNB NOR i Kirkegata med eigen kantine i foajeen, der festen var.
Onkel Toms hytte eller Anne Skaret si prøveforelesing
Anne Skaret, som har vore stipendiat på LUNA, skal disputere 20. januar med ei utruleg spanande og viktig avhandling om kulturmøte i barnelitteraturen og korleis barn les og forstår kulturmøta. Eg veit kor interessant avhandlinga er, for eg har hatt den gleda å vere rettleiar.
På torsdag fekk Anne tittel for prøveforelesinga si. Det var overraskande og utfordrande : “Harriet Beecher Stowe: Onkel Toms hytte – en barnelitterær klassiker i Norge?” Berre kjennarar av litteraturforsking forstår kor mykje arbeid dette betyr dei neste fjorten dagane. Eg er sikker på at Anne løyser dette flott og gler meg til å høyre.
Frå avtaleboka veke 2 (9.1.-13.1.2012)
Tysdag Møte i den strategiske leiargruppa (HSL)
Onsdag: Møte med formannskapa i Elverum og Hamar
Fredag: Møte i Prosjekt Innlandsuniversitetet






