|
Fredag disputerte Anne Skaret frå Avdeling for lærerutdanning og naturvitskap med avhandlinga Litterære kulturmøter. En studie av bildebøker og barns resepsjon.
Rektor Lise Iversen Kulbrandstad var tilstades på prøveforelesninga og framlegget av avhandlinga.
-Disputasdagen, fredag, var spesiell også for meg, for Anne er den første eg har vore hovudrettleiar for som disputerer. Og det gjorde ho med stil, seier rektoren nøgd.
Ny kunnskap
Skaret si avhandling utviklar ny kunnskap innanfor to vitskaplege tradisjonar, barnebokforsking og resepsjonsforsking (dvs. lesing av skjønlitteratur, i tillegg til å omfatte eit høgaktuelt tema frå det fleirkulturelle Noreg som er særs relevant for førskole- og grunnskolelærarutdanningane, nemleg korleis kulturmøte blir framstilt i bildebøker og korleis fem- og åtteåringar forstår desse kulturmøta. I disputasen blei Anne sjølvsagt utfordra og måtte svare for seg. Slik skal disputasar vere.
Men ho fekk også uvanleg mange godord: ”velskrevet, meget stor grundighet, original, viktig”. Dessutan fekk vi høyre at ei særleg styrke var at ho kombinerer teoriar som ikkje tidlegare er brakt i samspel i skandinavisk forsking, at ”analysemodellen er anvendelig for andre forskere” og at vi har kome eit langt steg vidare i nordisk barnelitteraturforsking med avhandlinga.
Vi gratulerer doktorand Anne med vellukka disputas!






