|
Dagane 23. og 24. september skal utdannings- og forskingsinstituasjonar, offentleg sektor og næringslivet møte kvarandre på Gjøvik for å diskutere kva for gevinstar det er å hente på tett samarbeid.
Konferansen skal synleggjere samhandlinga mellom høgskole og samfunn og bidra til nyskaping i Norge. Konferansen er ein viktig møteplass for å utveksle erfaringar og bygge nettverk mellom næringsliv, offentleg sektor og utdannings- og forskingsmiljø i regionen.
Bak konferansen i år står dei tre høgskolene Høgskolen i Hedmark, Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Gjøvik, med siste skole som vert. I 2005 var Høgskolen i Vestfold vert, medan Høskolen i Bodø var vert i 2007. Konferansen er venta å samle omlag 300 til 500 deltakarar.
På agendaen står mellom anna
- Etablering av regionale forskingsfond
- Erfaringar frå VRI-prosjekta
- Organisering av samarbeid mellom industri og høgskole, handel/service og høgskole, offentleg sektor og høgskole
- Samhandling og innovasjon i krisetider
Les meir om HSS 09 på konferansen si nettside www.hhs09.no






