|
|
Illustrasjonsbilde (FreeFoto.com) |
Forskarar og forskingsinstitusjonar over heile verda betaler skjorta for å abonnere på anerkjende tidsskrift. Forlaga tener store penger.
Forskinga er ofte offentleg finansiert, men det er andre som nyter godane og tener de store pengane. Forskarane står i kø for å skrive gratis til faglege tidsskrifter, og fagfellane vurderer artiklar utan å få lønn. Tidsskrifta blir selde til blodprisar og forlaga håvar inn store overskot.
Det største av dei store forlaga, Elsevier, hadde i 2007 eit overskot på 477 millionar pund (ca. fem milliardar kroner) av ei omsetning på 1507 millionar pund. Det er med andre ord svært god butikk å gi ut ca. 250 000 vitskaplege artiklar i året i ca. 2000 tidsskrift og eit par tusen bøker, med mykje gratishjelp frå 300 000 forskarar.
Den amerikanske stiftelsen Wellcome Trust har gjennomført fleire analysar av dei internasjonale vitskaplege tidsskrifta og dokumentert at fortenester på opptil 30 prosent av omsetninga er vanleg.
Dagens publiseringspraksis er ikkje godt likt og blir heftig diskutert blant forskarar. Samstundes jobbar Forskningsrådet og Universitet og høgskolerådet (UHR) for at resultata frå offentleg finansiert forsking i størst mogleg grad skal vere ope og tilgjengelege.






