|
|
Stipendiat Clara Valente og professor Bengt Gunnar Hillring på tur i Russland. |
Professor Bengt Gunnar Hillring og stipendiat Clara Valente frå Campus Evenstad har vore med på ein spennande bioenergiworkshop i St. Petersburg i Russland.
Moderne bruk av bioenergi er eit område som utviklast i Russland, eit land med store skogressursar. Landet har skrive under på Kyotoavtalen, og det gjer ikkje interessa for fornybar energi mindre.
På programmet sto mellom anna ei studiereise til Lisino Forestry College. Lisino har ein bachelor i skogbruk tilsvarande den Høgskolen i Hedmark tilbyr på Campus Evenstad. Skogskolen i Lisino bruker bioenergi til oppvarming av skolen. Denne vert lagd med biobrensel frå skolens forsøksskogar.






